Opedal åtvara mot skrrekk – no opplever bussjåførarlang ventetid
Yrkessjåfør Dag Frode Opedal åtvara allereie i 2020 mot store problem med Smelteverkskrysset i Odda. Krysset var alt utfordrande, og måtte trafikkdirigerast sist sommar.
No, med Odda terminal opna, må bussjåførane stå og stampa ved det travlaste krysset i Odda. Hans åtvaring er blitt ein realitet, og nye utfordringar har oppstått i terminalområdet. Smelteverkskrysset: Hardanger Folkeblad har spurt Ullensvang kommune og Statens vegvesen om saka, og deira svar finn du lenger nede i artikkelen. – Me ser på dette med ein skrekk, sa yrkessjåfør og tillitsvald i Yrkestrafikkforbundet, Dag Frode Opedal, tilbake i 2020. Den gongen åtvara han mot det nyopna Smelteverkskrysset som ein ny flaskehals. Han peika på kombinasjonen av den sterkt trafikkerte riksveg 13 og nye funksjonar som bussterminal og butikkar, og meinte utfordringane med utkøyringa ved Almerket, der bussane sleit med å koma seg ut på riksveg 13, «vil berre vera bagatellar» i forhold. Han etterlyste rundkøyring eller lysregulering. Odda kommune hadde i si tid planar om rundkøyring, men desse vart avvist av Vegdirektoratet. I dag stadfestar Opedal at Smelteverkskrysset er eit langt travlare kryss enn det gamle krysset mellom riksveg 13 og kaien (Almerket), spesielt ved 15-tida. Han fortel at bussjåførane ofte står i tre-fire minutt for å koma seg ut på riksvegen. Han kritiserer mangelen på heilskapleg langtidsplanlegging. – Ein hadde all slags moglegheiter då ein skulle planleggja kryssløysinga, det var reine flyplasstomta, seier Opedal og er oppgitt over det som vart resultatet. Han har samstundes forståing for at ein ikkje kunne sjå korleis trafikkmengda kom til å utvikla seg, men meiner konsekvensane av den forsømde langsiktige tankegangen no syner seg tydeleg i praksis. Etter opninga av den nye terminalen 4. mai har det travle krysset vorte endå meir hektisk. Sjåførane er bekymra for inn- og utkøyring til terminalen og den generelle kapasiteten i krysset. Allereie den første veka etter opninga måtte ein bussjåfør stå og venta i heile fire minutt før han kom seg ut på riksveg 13 og oppover i retning Vasstun og Røldal. Opedal understrekar at dette er ein vanleg oppleving, og at dei ofte står i tre-fire minutt. Enkelte bilistar er flinke til å sleppa bussane fram, men dette er ikkje nok. Opedal understrekar at lysregulering no er naudsynt, og at ei rundkøyring framleis hadde vore den ideelle løysinga. Han viser til den store mengda trafikk og funksjonar – matbutikkar, bussterminal, turistinformasjon, kontor, ladestasjonar, tannlege og anna – som alle bidreg til auka press i krysset. Bussjåførane har til og med testa om dei kan svinga til høg re og snu i rundkøyringa ved rådhuset for å kome seg i retning Røldal, men med dei lengste bussane på over 12 meter er dette vanskeleg, då rundkøyringa er for lita. Opedal trur dette blir ein utfordring i sommar og kallar det ein testsesong. Turistmengda tidleg i mai er ikkje den same som i juli, men alt no står kollektivførarane lenge, spesielt i tidsrommet mellom 13 til 17. Han tvilar ikkje på at proppar frå reguleringa ved Låtefoss, der vegen er smal, og køar andre stader vil forverra situasjonen ytterlegare. Han ser òg at ei eventuell lysregulering ved Smelteverkskrysset kjem for nær rundkøyringa ved rådhuset, slik at køen på riksveg 13 fort strekker seg gjennom rundkøyringa og skaper nye utfordringar med trafikkavviklinga. Han meiner dette illustrerer korleis problem fort kan flytta på seg, utan å bli løyst. Opedal ser for seg kritiske situasjonar der naudetatane kan bli ståande fast i kø, både no og i framtida, grunna den pressa trafikksituasjonen. Glad for fasilitetane, men krysset uroar Det er viktig for Opedal å få fram at han er svært positiv til nye Odda terminal i seg sjølv. Han understrekar at det har gått rimeleg bra etter opninga. – Bussjåførane er godt ivaretekne med gode fasilitetar, seier han. På den nye terminalen har personellet eit lite pauserom med toalett og tilgang på kaffi for korte stopp. Opedal likar også området rundt terminalen, som har tydeleg merking, benkar og venteskur. – Dette er eit godt hakk opp samanlikna med tilhøva ved busstasjonen på kaien, seier Opedal. Det finst likevel avgrensingar. Både busslading og bussførarane sin lunsjpause må framleis skje på Ragde, der Tide Buss har ladestasjona og pauserom. Den nye terminalen manglar nemleg parkeringsplass for fleire bussar samstundes, og dermed blir felleslunsjen med kollegaer også framleis på Rade. Bubilar snikparkerer på perrongane Ein ny tendens meldte seg alt den første veka etter terminalopning. Nokre bubilsjåførar finn meir freistande å parkera på perrongane når dei skal inn på matbutikkane, framfor å køyra inn på dei litt tronge parkeringsplassane framfor butikkane. Allereie dagen etter opninga stod det to bubilar på perrongane, noko som tvingar bussførarane til å vera løysingsorienterte. For dei betyr dette at dei må sleppa av passasjerar på ein annan perrong, men bør samtidig passa på at dei får stilt seg opp på rett perrong før neste avgang. Dei kan ikkje til å rygga framfor den travle terminalen med svære bussar. Opedal etterlyser ikkje berre eit lyskryss med forkøyrsrett for kollektivtrafikk, men også fleire parkeringsplassar for dei som skal reisa vidare med kollektivtrafikk, spesielt for langtidsparkering. Bussjåførane ønskjer seg òg ein kantstopp for bussar ved Almerket, då dei nødig vil køyra heilt ned på kaien der den gamle busstasjonen låg – for å unngå fleire travle kryss på toppen av Smelteverkskrysset. Statens vegvesen har avslege søknaden om kantstopp ved Almerket, eit tema som har vore omtala i fleire artiklar tidlegare. Ullensvang kommune, ved kommunalsjef Gunnvor Steinsland Medhus, Hjalmar Heimvik (veg og park), Wermund Vetrhus (plan) og kommunalsjef Randi Karin Habbestad (teknikk & miljø), har svart på Hardanger Folkeblad sine spørsmål om Smelteverkskrysset og tilhøyrande infrastruktur. Status for Smelteverkskrysset Når det gjeld Smelteverkskrysset, opplyser kommunen at dei ikkje har fått inn nye negative reaksjonar på krysset etter opninga av terminalen. Kommunen har hatt temaet oppe med Statens vegvesen (SVV), og SVV er godt kjent med at dette vegkrysset er ein flaskehals. Krysset ligg også inne i trafikktryggleiksplanen. Kommunen understrekar at det per no ikkje er planar om endring eller ombygging av krysset frå SVV si side. Dette seier Statens vegvesen Seksjonsleiar Torun Emma Torheim i Statens vegvesen understrekar at kryss, kapasitet og framkomst på riksvegnettet vert vurdert i planfasen av nye byggeprosjekt. Reguleringsplan for Smelteverkstomta vart vedteken i 2016. I åra før vart andre alternativ vurdert, blant anna omlegging av riksveg 13 over Smelteverkstomta. Allereie frå 2006 til 2008 var SVV aktivt med i planarbeidet for vegløysingar i Odda sentrum. Dei var positive til idear om å flytta trafikken vekk frå sentrum, og rådde kommunen til å setja av areal for framtidige løysingar, inkludert rundkøyringar og kryss, for å sikra trygg trafikkavvikling. Eit viktig mål var å avlasta gjennomgangstrafikken forbi Almerket i sentrum. Kollektivtrafikken har no fått ny terminal, men trafikken forbi Almerket og gjennom sentrum er likevel som før, berre med langt meir trafikk. Om den aktuelle situasjonen med bussane, der ventetida for kollektivtrafikken kan vera opptil fire minutt i rushtida, seier Torheim: – Det er viktig å leggja til rette for god framkomst for kollektiv, og den beskrivne situasjonen høyrest ikkje bra ut. Ho legg til at lyskryss kan vera eit av fleire tiltak ein kan vurdera for å betre framkomsten. Torheim opplyser også om eit viktig framtidsperspektiv. Nye Veier AS tar over ansvaret for denne strekninga frå 1. september 2027. Hadde trafikkdirigentar sist sommar I juli 2025 sette Statens vegvesen inn trafikkdirigentar for å overvaka Smelteverkskrysset og Hjøllokrysset som eit preventivt tiltak. Dei gjennomførte dette i fellesferien, med to dirigentar på dagtid. Konklusjonen var at trafikken gjekk betre enn frykta. Spørsmålet no er korleis trafikkutviklinga vil bli i Smelteverkskrysset framover, og om dei nye utfordringane vil tvinga fram tiltak som lysregulering. Langtidsparkering og sykkelfasilitetar Dag Frode Opedal, tillitsvald i Tide Buss, etterlyser fleire langtidsparkeringsplassar for dei som skal reisa vidare med kollektivtrafikk frå Odda terminal. Han viser til parkeringsplassane nede på kaien, ved den tidlegare busstasjonen, og korleis desse saman med parkeringsplassen på Almerket gav tilstrekkeleg parkeringskapasitet. Når det gjeld langtidsparkering for reisande, inkludert Opedal si etterlysing av fleire plassar, viser kommunen til at det er éin kommunal parkeringsplass der Tesla-ladarane står, og oppmerkt parkering ved Norva24, aust for Odda terminal, som kan nyttast. I tillegg kan andre kommunale parkeringsplassar i Odda, som til dømes ved Almerket, brukast for lengre parkering. For syklistar er det etablert sykkelskur med ti sykkelparkeringsplassar på sør-austre side av Odda terminal, som del av utomhusprosjektet ved terminalen.